Hopp til innhold
Roald Kaldestad. Foto: Truls Horvei. Med løyve for Allkunne.
Roald Kaldestad. Foto: Truls Horvei. Med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Roald Kaldestad

Roald Kaldestad er barnebokforfattar, låtskrivar og musikar. Han lèt musikken få ei sentral rolle i bøkene sine og skriv om venskap i sorg og glede.

Roald Kaldestad er fødd 21. mai 1972 i Bergen. Han har grunnfag i musikk frå Høgskulen Stord Haugesund i 1992, mellomfag i engelsk i 1995 og hovudfag i kunsthistorie i 2002 frå Universitetet i Bergen. Kaldestad har arbeidd som frilansar etter utdanninga og har hatt musikalske oppdrag i samarbeid med til dømes Odd Nordstoga og Sigrid Moldestad. Han har òg produsert framsyningar og turnert med dei for Den kulturelle skulesekken og har vore kunstnarisk leiar for barnebokfestivalen Falturiltu.

Forfattarskapen til Kaldestad er eit samspel mellom tekst og musikk. Han nyttar sine eigne låtar, som tilfører forteljingane kraft og truverd. I samarbeid med ulike illustratørar, mellom andre Bjørn Rune Lie, har han gitt ut ei rekkje bøker for born. Tematikken sirklar gjerne rundt venskap og utfordringar, ofte med ein god dose humor, fart og spenning.

Kaldestad debuterte i 2000 med lyd- og biletboka Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip. Dette er den første boka i serien om den dedikerte musikaren Heavykatten. Han er lite interessert i anna enn sin eigen musikksjanger, men i ulike krisesituasjonar må han etter kvart samarbeide med representantar for andre musikkstilar. Slik vert nye venskap og rytmar utvikla. I 2001 kom oppfølgjaren, Reven Ruben, og desse to første bøkene har gått som høyrespel i Barnetimen for dei minste på NRK radio.

Biletboka Englefjell (2006) har ei anna grunnstemning, og forfattaren rører ved det poetiske og vemodige i ei lita jente si sorg då katten hennar døyr. To hundre og sekstini dagar (2014) har òg ein tematikk som eignar seg til refleksjon og ettertanke. Dette er ei regntung, stemningsfull og sår forteljing om venskap og sakn.

Kjelder

Nettsamtale med Roald Kaldestad 18.4.2018

Bergen offentlige bibliotek, bibliografi, bergenbibliotek.no: https://bergenbibliotek.no/inspirasjon/litteratur/vestlandsforfattere/presentasjon-av-forfatterene/kaldestad [lesedato 19.4.2018]

Tanum, oversikt over og omtale av forfattaren sine utgivingar, tanum.no: https://www.tanum.no/forfattere/Roald%20Kaldestad-scid:1083 [lesedato 19.4.2018]

Peikarar

Boktips frå Nynorsksenteret, omtale av To hundre og sekstini dagar, nynorskbok.no 


Først publisert: 12.06.2018
Sist oppdatert: 12.06.2018