Hopp til innhold
Foto: Ingjerd Kleiva/ Samlaget
Foto: Ingjerd Kleiva/ Samlaget
X
Innhald

Rønnaug Kleiva

Rønnaug Kleiva, forfattar, lyrikar og dramatikar som har hausta strålande kritikkar for stilrein og konsekvent litteratur.

Rønnaug Kleiva er fødd 30. november 1951 i tidlegare Vartdal kommune på Sunnmøre. Ho er cand.mag. og har arbeidd i 15 år i skuleverket. Ho debuterte som forfattar med diktsamlinga Animasjon i 1985 og kom året etter med ei samling prosatekster, Å fø fram ein kalv over vinteren. I 1988 kom den første barneboka hennar, Fuglane kor dei flyg. 
Ho har fått mange prisar for bøkene sine, mellom anna både Kritikarprisen og Kultur- og kyrkjedepartement sin pris for Ikkje gløym å klappe katten som beste barne- og ungdomsbok i 1997. Bøkene hennar er omsette til åtte språk.
Kleiva var festspeldiktar under Dei nynorske festspela 2010 i Ørsta.
Disiplinert og kompromisslaus
I byrjinga av forfattarkarrieren skreiv Rønnaug Kleiva mest dikt, kortprosa og bøker for barn og ungdom. I 1990 kom Balansepunkt, ei samling korte tekstar som tilsynelatande er registrering av det trivielle, men der sansingane inviterer lesaren til tolking og meddikting.
Kleiva synte seg snart som ein forfattar utan moralsk eller romantiserande agenda, og ho skreiv hardt og avslørande til dømes om syskensjalusi i barnebøkene, som i Ikkje gløym å klappe katten. Tapet av merksemd og omsorg er eit tema i mange av bøkene, ikkje minst dei ho har skrive med eit ungt publikum som målgruppe. I Kjærleik på pinne frå Ouagadougou, ei bok Kleiva vann ein nordisk barnebokkonkurranse med i 1999, handlar det om ei jente som bur åleine med faren etter at foreldra vart skilde. I Om dagen kan ein flyge frå 2001 er hovudpersonen ei jente som freistar å verte sedd av ei mor som har nok med seg og sitt.
Av somme kritikarar vert Kleiva omtala som «kald og sensuell» på same tid. Ein kunne like gjerne kalle henne disiplinert og kompromisslaus. Eit høgdepunkt i forfattarskapen og i den harde og utleverande stilen, lakonisk og absolutt stringent i handling og idé, er Fangeteneste frå 2001. Boka er ei novellesamling med over 20 tekstar som utan emosjonell egse fortel om dei mest forferdelege hendingar i relasjonar mellom menneske. Eit døme er når tre veninner klatrar i fjellet og den eine ramlar ned og slår seg i hel. Dei to andre går straks i gang med å diskutere kva dei skal seie i gravferda. Elles i boka finst det døme på vald utan skuldkjensle og sex utan kjensler i det heile.
I 2003 kom romanen Ingen reell fare, som handlar om eit trekantforhold. Ei kvinne meinte at ho var portrettert i boka, og kravde at utgivinga skulle stoggast. Oslo namsrett slo fast at det ikkje var nokon grunn til å hindre boka i å kome ut.
Med bøkene La oss krysse Nilen (2005) og Ikkje for varmt, ikkje for kaldt (2008) held Kleiva fram sitt personlege og særmerkte prosjekt, der forfattaren ikkje grip retusjerande inn i hendingane, men lèt dei utvikle seg organisk og naturleg, utan omsyn til kor mykje av personane dei avslører, og kor kompromitterande dette er for dei.
Kynisk og egosentrisk
Det er mennesket som kynikar og egosentrikar Rønnaug Kleiva portretterer. Attom den siviliserte lærdomen har mennesket ein natur der personleg framhald, lukke og tryggleik dominerer ambisjonane. Alle dyr er seg sjølv nærast, mennesket har lært å syne seg solidarisk og empatisk, men i røynda er folk som kjent i stand til å gjere dei mest forferdelege ting mot kvarandre. Dei brotsmenn og -kvinner som kjem i sogebøkene er ikkje grunnleggjande annleis enn folk flest, altså ligg kimen til det vonde i oss alle, den er ikkje planta der av nokon, men eksisterer som reell føresetnad, anten vi liker det eller ikkje.
 
Kleiva syner oss korleis dette ovrar seg i det moderne og siviliserte mennesket, men det kan argumenterast mot Kleiva med at det ikkje eksisterer nokon nemnande motstand mot dette i litteraturen hennar, og at mennesket som den einaste skapningen ved vilje, kjærleik og empati er i stand til å trasse føresetnadene sine. Hjå Kleiva er personane hjelpelause i drift på og med sine eigne skortande emosjonar. Men bøkene er unekteleg skrivne med klårleik og storarta konsekvens, og stundom med ein skeiv flir, i all sin egoisme og usympatiske åtferd vert folk komiske, utan å vere merksame på det sjølv.
 
Kjelder
Rønnaug Kleiva, forfattarside, samlaget.no, http://www.samlaget.no/nn-NO/Forfattarar/K/Roennaug-Kleiva.aspx [lesedato oppdatert 6.4.2011]

Først publisert: 29.11.2009
Sist oppdatert: 29.04.2013