Hopp til innhold

Rosemarie Køhn.
Rosemarie Køhn.
X
Innhald

Rosemarie Köhn

Rosemarie Köhn, fødd 1939, er teolog. Ho vart den første kvinnelege rektor ved Det praktisk-teologiske seminaret ved Universitetet i Oslo og Noregs første kvinnelege biskop.

Rosemarie Köhn, fødd 1939, er teolog. Som første kvinne vart ho rektor ved Det praktisk-teologiske seminaret ved Universitetet i Oslo i 1989. I februar 1993 vart ho utnemnd til biskop i Hamar og ordinert 20. mai 1993 av biskop Aarflot. Ho vart dermed den første kvinnelege biskopen i Den norske kyrkja. Köhn gjekk av i 2006.
Ho har gitt ut fleire bøker, mellom anna Hebraisk grammatikk i 1971 og Presterollen i 1987.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2012
Sist oppdatert: 08.03.2017