Hopp til innhold
Sigurd Kvåle. Ukjend fotograf og år. Kjelde: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sigurd Kvåle. Ukjend fotograf og år. Kjelde: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
X
Innhald

Sigurd Kvåle

Sigurd Kvåle frå Sogn var ein av dei fremste nynorske novellistane i mellomkrigstida, med tekstar som viser sterk medkjensle med dei som fell utanfor i samfunnet.

Sigurd Kvåle var fødd 7. mars 1902 på Kvåle i Sogndal og døydde 16. juni 1962 i Rælingen. Faren var skomakar, og familien dreiv gardsbruk med fruktdyrking. Kvåle gjekk to år på folkehøgskule i Sogndal før han tok lærarskulen på Stord, med eksamen i 1924. Han var så lærar fleire stader (Varhaug, Aurskog, Torsnes og Tysvær), før han vart tilsett i Rælingen i 1945. Her var han styrar ved Holt skule fram til han døydde.

Kvåle debuterte med novellesamlinga Når det blir natt i 1933. Seinare i 1930-åra kom det to novellesamlingar til, og ein roman, Siglaren (1937). I 1946 kom den fjerde og siste novellesamlinga, Krefter. Kvåle skreiv òg forteljingar for barn, og eit par enkle folkelivsskildringar, den eine under pseudonymet Sverre Tuun (Sterkesmeden, 1948). Eit utval av novellene kom i 1967, Natta og eg, redigert av Halldis Moren Vesaas. Her har Vesaas teke med fire tekstar som ikkje tidlegare hadde vore prenta.

I forfattarskapen finn vi uttrykt ei sterk samkjensle med dei sårbare, dei som fell utanfor i samfunnet, og ein tydeleg harme over sosial urett: «Din særart, min venn, er din fine, vidsynte humanitet», skreiv Halldis Moren Vesaas i Natta og eg. Eit sentralt tema er spenningar mellom frilyndt ungdom og bedehuskristendom, med kritikk av dei kristne miljøa. I novellene for born lyftar han fram føredøme for dei unge lesarane, personar som står for verdiar som ansvar, medkjensle og vensemd.

Siglaren (1937) er ein samtidsroman der hovudpersonen er i opposisjon mot det tronge bygdesamfunnet. Hovudmotsetnaden går mellom småbrukarar og bønder, med ein uttrykt bodskap om frigjering for småkårsfolk. Vi høyrer om sosialisme og kommunisme, om radikalisme og nasjonal samling, med forfattaren sine sympatiar på den radikale sida.

Høyrespelet Stemning vart framført i Radioteateret i 1941.

Bibiografi

  • Når det blir natt, noveller, 1933
  • Tider og år, noveller, 1935
  • Over fårlege fjell, forteljingar for born, 1936
  • Siglaren, roman, 1937
  • Sylen, noveller, 1938
  • Byttingen Velaug, roman, 1941
  • Stemning, høyrespel, 1941
  • Håvard på Eggvin, forteljing, 1941
  • Krefter, noveller, 1946
  • Sterkesmeden. Ei soge om kjærleik og mot og styrke, 1948 (under psevd. Sverre Tuun)
  • Pelle Skauen og andre soger, forteljingar, 1950
  • Natta og eg, noveller, 1967

Kjelder

Jarle Bondevik: «Forfattaren og heimemiljøet», i Sogn og Fjordane magasin 4/5 1987

Olav A. Loen: «Sigurd Kvåle», i Bygda gav diktarsyn. 25 forfattarportrett. Trondheim 1970

Halldis Moren Vesaas: «Novellisten Sigurd Kvåle», i Sigurd Kvåle: Natta og eg. Noveller i utval ved Halldis Moren Vesaas. Oslo 1967

Peikarar

Digitaliserte bøker av Sigurd Kvåle på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Forfattarside om Sigurd Kvåle på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane» 

Presentasjon av Sigurd Kvåle, med bibliografi, på nettstaden til Sogndal bibliotek

Først publisert: 11.06.2018
Sist oppdatert: 15.06.2018