Hopp til innhold
Foto: Gunvor Saltvik/ Cappelen Damm
Foto: Gunvor Saltvik/ Cappelen Damm
X
Innhald

Siri M. Kvamme

Siri Milde Kvamme, forfattar, bokmeldar og leiar for Litterær Salong i Haugesund.

Siri M. Kvamme er fødd 19. juni 1975 på Stanghelle i Vaksdal kommune og er no busett i Haugesund. Ho har studert litteraturvitskap (1998) ved Universitetet i Bergen, har teke forfattarstudiet i Bø (1995), Skrivekunstakademiet i Hordaland (1999) og forfattarutdanninga Litterär gestaltning ved universitetet i Göteborg (2001). Kvamme har arbeidd som bokmeldar og frilansjournalist for Bergens Tidende (1996–2010) og som tekstforfattar i reklamebyrå. Ho jobbar som marknadskonsulent i Uni Micro, er spaltist i Haugesunds Avis og prosjektleiar for Litterær Salong i Haugesund.
Kvamme debuterte med kortprosasamlinga Raud og frå seg i 2001. Dei korte tekstane er knytte saman til ei poetisk familiehistorie, ei utviklingshistorie fortald i tredje person, der det gradvis blir avslørt for lesaren kva som har skjedd i familien.
Hausten 2008 kom debutromanen hennar, Vinterhjerte. Handlinga er lagd til Nord-Noreg, og det er ein svart roman om å misse eit barn, sorga til foreldra, skuldkjensle, manglande evne til å hjelpe kvarandre, om lengsel og begjær. I 2012 gav ho ut romanen Nattgjengar. Siri M. Kvamme er stilsikker, språkleg presis, har levande personskildringar, og romanen er erotisk, med skiftande forteljarperspektiv. 
Kjelder
Nettstaden til Siri M. Kvamme: http://sirikvamme.no/ [lesedato 2.12.2010]
Siri M. Kvamme, forfattarside på cappelendamm.no: http://www.cappelendamm.no/main/Katalog.aspx?f=10851 [lesedato 1.12.2013]
Cathrine Krøger: «Mørkt tema, god roman», bokmelding av Vinterhjerte, dagbladet.no, publisert 17.11.2008: http://www.dagbladet.no/kultur/2008/11/17/554288.html [lesedato 2.12.2010]
Margoth Hovda-Lien: «Erotisk avsporing», bokmelding av Vinterhjerte, dagbladet.no, publisert 6.1.2009: http://www.nordlys.no/kultur/bok/article4029212.ece [lesedato 2.12.2010]


Sist oppdatert: 03.01.2014