Hopp til innhold
X
Innhald

Sissel Kyrkjebø

Sissel Kyrkjebø, fødd 1969, er songartist. Ho fekk gjennombrotet sitt under Melodi Grand Prix-finalen i Bergen i 1986, utanfor konkurransen. I 1986 debuterte ho med plata Sissel, og ho vart kåra til Årets spellemann same år. 
Kyrkjebø har gitt ut fleire plater som har vore store salssuksessar. Ho hadde hovudrolla i Sound of Music i 1988, og song under opningssermonien under OL på Lillehammer. Som artist er Kyrkjebø allsidig, og ho har samarbeidd med mange ulike musikarar, mellom andre Placido Domingo, Warren G og den irske gruppa The Chieftains. Sissel Kyrkjebø  song også ein overtyre i filmen Titanic.
Sjå video frå gjennombrotet til Sissel Kyrkjebø, pausenummeret under den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix:
Sjå video av Sissel Kyrkjebø og Placido Domingo i Wien:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 21.03.2014