Hopp til innhold
X
Innhald

Søren Aabye Kierkegaard

Søren Aabye Kierkegaard, 1813–55, var dansk filosof og religiøs forfattar. Han fekk mykje å seie i Norden, og i det 20. hundreåret i heile verda, særleg hos eksistensialistiske filosofar.
 
Ei tragisk trulovingshistorie fekk fundamental tyding for dei uhyre produktive åra hans i midten på 1840-talet med hovudverk som Enten–Eller (1843), Stadier paa Livets Vej (1845) og ei rekkje mindre skrifter, alle under psevdonym. Etter eit åtak frå vittigbladet Corsaren, som han tok seg nær av, kom mellom anna Kjerlighedens Gjerninger, Christelige Taler, Sygdommen til Døden, Indøvelse i Christendom med fleire i perioden 1847–51. Etter nokre års togn kom kampskriftet Øjeblikket (1854), der han mellom anna påstår at "den kristne verda har avskaffa kristendomen".

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.08.2012
Sist oppdatert: 02.08.2012