Hopp til innhold
X
Innhald

Steffen Kverneland

Steffen Kverneland, fødd 1963, er teikneserieteiknar og forfattar, særleg kjent for sine teiknserieversjonar av litterære verk. 

Kverneland kombinerer samtidspolitikk og litterære tekstar, som i Amputerte klassikere I–IV (1994–2001).

 

Han debuterte med eige album i 1993 med De knyttede never, ein adaptasjon av ei bok av Øvre Richter Frich. Sidan har han gitt ut ei rekke album og bøker, aleine og i samarbeid med andre forfattarar.

 

For utgjevingane sine har Kverneland vunne fleire litterære og andre prisar. Mellom anna fekk han Brageprisen i sakprosa for Munch i 2013 og Kulturdepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur for 2018 i kategorien teikneseriar for boka En frivillig død. Kverneland har òg delteke på fleire kunstutstillingar, mellom anna på haustutstillinga i Oslo.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.11.2017
Sist oppdatert: 30.04.2019