Faktaboks

Tore Kvæven
Fødd
12. mars 1969, Stavanger, Rogaland
Tore Kvæven.
Av /Samlaget.

Tore Kvæven er forfattar, bonde og lærar. Han fekk sitt litterære gjennombrot med romanen Når landet mørknar i 2018.

Bakgrunn

Tore Kvæven er fødd i Stavanger i Rogaland. Han var elev ved Lyngdal jordbruksskule i 1988–1989 og studerte til sivilagronom ved Noregs landbrukshøgskole på Ås (no NMBU – Norges miljø- og biovitskaplege universitet) frå 1990 til 1994. Studieåret 2003–2004 tok han pedagogikk ved Høgskolen i Agder (no Universitetet i Agder). Kvæven var jordbrukssjef i Forsand kommune (no Sandnes) i 1995–1996 og 1998–2000. Han har òg arbeidd som lærar, i tillegg til å vere sauebonde og forfattar.

Forfattarskapen

Debutromanen Hard er mitt lands lov (2011) er ei historisk forteljing. Handlinga er lagd til år 1010, og lesaren får følgje eit norsk vikingskip på tokt i det indre av Kongo i Afrika. Romanen er skriven på eit arkaisk nynorsk og slektar slik på islendingesogene. I 2013 gav Kvæven ut den humoristiske barneboka Kameljegeren.

I romanen Når landet mørknar (2018) dreg ungguten Arnar Vilhjalmson på si første kvalrossjakt. Året er 1293, og Arnar drøymer om å byggje eit skip og segle mot ei betre framtid. Handlinga er lagd til VesterbygdaGrønland og skildrar ein sivilisasjon i bryting mellom norrøn og kristen tid.

Utmerkingar

I 2018 fekk Kvæven Brageprisen for Når landet mørknar. For same boka fekk han Sørlandets litteraturpris i 2019. I 2019 fekk han òg Sirdal kommune sin kulturpris.

Bibliografi

  • Når landet mørknar (Roman, Samlaget, 2018)
  • Kameljegeren (Barnebok, Samlaget, 2013)
  • Hard er mitt lands lov (Roman, Samlaget, 2011)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg