Hopp til innhold
X
Innhald

Ulf Erik Knudsen

Ulf Erik Knudsen, diplomøkonom, lokalpolitikar og stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Buskerud 1997—2013.

Ulf Erik Knudsen er fødd 20. desember 1964 i Drammen. Han gjekk på Drammen handelsgymnas i 1980–83, studerte marknadsføring ved Gjerdes handelsskole i 1984–85 og blei diplomøkonom ved Bedriftsøkonomisk Institutt i 1986–89. Knudsen arbeidde ved Skarrud + Rabben reklamebyrå i 1983–84, som journalist i Nye Morgenbladet i 1989–93, tok diverse konsulentoppdrag i 1993–94 og var konsulent ved Arbeidsmarknadsetaten i 1994–97.
Knudsen var leiar av Drammen FpU i 1985–89, medlem av styret i Drammen FrP i 1986–97, medlem av Drammen bystyre i 1987–95 og 2003–11 (i formannskapet 1995–99) og varamedlem til fylkestinget i Buskerud i 1987–91. Han var fylkesleiar i Buskerud FrP i 1995–98 og 2007–09, studieleiar i 2000–01, nestformann i 2005–06 og medlem av FrPs landsstyre i 1995–98, og frå 2007 første nestleiar. 1997—2013 var han stortingsrepresentant for Framstegspartiet for Akershus, og han arbeidde mot bompengefinansiering, ein stram innvandringspolitikk, byggje nye eldreheimar og gjeninnføre dødsstraff.
Han var trenar i Ski- og Ballklubben Skiold i 1983–87, medlem av fylkeselevrådet i Buskerud i 1984–85, overlikningsnemnda i 1988–91 og 1995–99, hovudutvalet for kultur i Drammen i 1988–99 og likningsnemnda i 1991–95. Knudsen var medlem av styret for Drammen Boligbyggelag i 1995–97, medlem av styret for Israels venner i 1998–2009, medlem av komiteen for oppvekst og utdanning i Drammen frå 2007 og Den norske Tibetkomité frå 2009.
Kjelder
Ulf Erik Knudsen, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=UEK [lesedato 6.3.2012]
Peikarar

Først publisert: 13.06.2012
Sist oppdatert: 02.02.2015