Vasilij Kandinskij
Vasilij Vasiljevitsj Kandinskij, 1866–1944, var russisk målar og kunstteoretikar.
Kandinskij er rekna som ein av dei store pionerane for abstrakt kunst. Han slo seg ned i München, og kring 1910 måla han dei første heilt abstrakte måleria sine. I 1911 var han med på å danne Der Blaue Reiter, som vart svært viktig for kunsten i det 20. hundreåret.
Kandinskij underviste ved Bauhaus i 1922–32, og frå 1933 budde han i Paris.
I 1912 gav han ut Über das Geistige in der Kunst.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 06.11.2017