Hopp til innhold
X
Innhald

Vilhelm Krag

Vilhelm Krag, 1871–1933, var forfattar, lyrikar og bror av T.P. Krag. Han skreiv fleire diktsamlingar, mellom andre Sange fra Syden frå 1893 og Sange fra min ø frå 1918. Krag skapte omgrepet Sørlandet og henta stoff derifrå til forteljingar som Fra de lave stuer som kom ut i 1897, Major von Knarren og hans venner i 1906 og Hos Maarten og Silius i 1912. Han skreiv òg skodespel, mellom andre Baldevins bryllup i 1900, og memoarbøker. Krag var sjef for Nationaltheatret i perioden 1908–11.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.03.2013
Sist oppdatert: 11.03.2013