Hopp til innhold
X
Innhald

Walid al-Kubaisi

Walid al-Kubaisi, fødd 1958, er forfattar, skribent og sivilingeniør.

Walid al-Kubaisi, fødd 9. februar 1958 i Irak og døydde 31. juli 2018 i Oslo, er forfattar, skribent og sivilingeniør. Han kom til Noreg i 1986, og har sidan skapt debatt med essay og artiklar, som særleg handlar om islam og problemstillingar i møtet mellom forskjellige kulturar.

Han debuterte i 1996 med essaysamlinga Din tro – min myte og har vidare mellom anna skrive bøkene Halvmånens hemmeligheter (1998) og Rasisme forklart for barn (2001). Han har òg gjendikta Muniam Alfakers Visjonens bok (2002) saman med Erling Kittelsen, og han har både manus og regi, saman med Per Christian Magnus, på filmen Frihet, likhet, Det Muslimske Brorskap (2010). I 2016 gav han ut boka Blekk og blod: ei familiekrønike frå Midtausten og Noreg på nynorsk. Kubaisi var fast skribent i Dag og Tid. I 2003 fekk han Skjervheim-prisen, i 2006 blei han statsstipendiat og i 2016 fekk han Fritt Ords honnør.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.04.2016
Sist oppdatert: 01.08.2018