Hopp til innhold
Bokomslaget til «Mens pappa er i Lofoten», skrive av Wenche Krossøy og gitt ut i 1974.
Bokomslaget til «Mens pappa er i Lofoten», skrive av Wenche Krossøy og gitt ut i 1974.
X
Innhald

Wenche Krossøy

Wenche Krossøy, forfattar som skreiv forteljingar om born frå nordnorsk miljø og vart landskjend gjennom opplesingsseriar i fjernsynet. Ho var ein av dei fremste barnebokforfattarane i Noreg i 1970- og 80-åra.

Wenche Synnøve Johansen var fødd på Andørja i Troms 25. oktober 1943 og døydde i Bergen 12. mars 2010. Etter handelsskule i Harstad i 1961 reiste ho til Oslo og arbeidde i fem år i eit forsikringsselskap. Frå 1972 til 1976 budde ho i Vesterålen, gjekk deretter Nansenskolen på Lillehammer og distriktshøgskulen i Volda. I 1979 slo ho seg ned i Bergen og budde der resten av livet.

Det var i Vesterålen ho byrja å skrive. Ho fekk nokre dikt på trykk, men det var historier for born ho satsa på. I 1974 debuterte ho med Mens pappa er i Lofoten. Så følgde eit titals rikt illustrerte bokutgivingar. To av dei, Oluf og Ror-Lovisa (1975) og Magdalena (1977), gjekk som fjernsynsserie, med Krossøy som forteljar.

I dei fleste av barnebøkene er handlinga lagd til Nord-Noreg. Oppveksten til borna er prega av landskap og livsvilkår i nord, men erfaringane deira er allmenne. Magdalena er historia om jenta som må flytte frå heimbygda si. I Den sovande fuglen (1983) vert vi kjende med Tore, som bur åleine med bestefaren, med ei mor som er på sjukehus i byen. I Blåhuset (1985) bur Annemari åleine med far sin og veit ikkje heilt kvar mora er vorten av.

Krossøy har òg skrive for vaksne. Ho er med i Ny nordnorsk lyrikk (1978), novelleantologien Kjærlighet i rosebedet (1981) og i leseverk for skulen. Nesten alt ho har skrive, er på nynorsk.

I 1980 fekk ho tildelt æresdiplom av H.C. Andersens internasjonale barnebokpris.

Kjelder

E‑post frå Bente Krossøy 12.11.2017

Helge Andersen: «Verden i en klinkekule». Aftenposten 27.12.1983

Helge Andersen: «Brokker av en historie». Aftenposten 16.12.1985

Tone Birkeland (red.): Å skrive for barn. 17 barnebokforfattarar presenterer seg. Oslo 1982. Tilgjengeleg på Bokhylla, nb.no: https://www.nb.no/nbsok/nb/a8a45b807097900977991016ae396b9d?index=11#149 [lesedato15.10.2017]

Svein Lund: Nordnorsk litteratur, litteraturoppgåve ved Høgskulen i Akershus 2001, sveinlund.info: http://sveinlund.info/kultur/nnlitt.htm [lesedato15.10.2017]

Peikarar

NRK TV: Oluf og Ror-Lovisa. Serie i tre delar. Wenche Krossøy les frå si eiga bok. 

NRK TV: Magdalena. Serie i fire delar. Wenche Krossøy les frå si eiga bok. 

Først publisert: 25.01.2018
Sist oppdatert: 25.01.2018