Hopp til innhold
X
Innhald

(William) Harry Kvebæk

(William) Harry Kvebæk, 1925–2012, var trompetist. Han var solotrompetist i Oslo Filharmoniske Orkester mellom 1963 og 1973. Deretter vart han amanuensis i trompetspel og kammermusikk ved Noregs musikkhøgskule, og sidan professor i trompetspel.
 
Kvebæk starta Ungdomssymfonikerne i 1973 saman med Karsten Andersen og Leif Jørgensen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.10.2013
Sist oppdatert: 17.10.2013