Hopp til innhold
X
Innhald

William Thomson Kelvin

Lord William Thomson Kelvin, 1824–1907, var britisk fysikar. Han er ein av grunnleggjarane av den moderne termodynamikken. Kelvin formulerte den absolutte temperaturskalaen og varmelæras 2. hovudsetning, seinare kalla entropilova. Kelvin arbeidde på nesten alle områda innanfor fysikken og gjorde ei rad oppfinningar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.12.2011
Sist oppdatert: 01.12.2011