Hopp til innhold
X
Innhald

Kaare Sunde

Kaare Sunde.

Kaare Sunde.

Kaare Sunde (1923–2005) frå Stryn, busett i Oslo og Utvik. Kunstmålar og grafikar.

Var ein av elevane til den nederlandske målaren Jaap Doyiwaard i Olden på 1930-talet. Utdanna ved Statens Kunst- og Håndverksskole, Oslo, 1946, og ved Bjarne Engebrets malerskole. Debut på Statens haustutstilling 1947. Representert fleire gonger på Vestlandsutstillinga sidan 1952, den nord-norske utstillinga frå 1963 og Østlandsutstillingen frå 1979.

Sunde måla figurativt fram til 1960, og seinare abstrakte bilete med inspirasjon frå vestlandsk natur. Har hatt fleire separatutstillingar, og m.a. laga utsmykking på 70 kvm ved Hove Møbelfabrikk i Stordal på Sunnmøre.

Landskaper av Kaare Sunde. © Blomqvist Kunsthandel.

Landskaper av Kaare Sunde. © Blomqvist Kunsthandel.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 08.03.2011