Hopp til innhold
X
Innhald

Kåre Herland

Kåre Herland var den første direktøren.

Kåre Herland var den første direktøren.

Kåre Herland (1919-1998) frå Sandane. Sivilingeniør og kraftverksdirektør. Herland kom til Sandane som driftsstyrar for Firdakraft i 1953. Han vart direktør for Vetlandske Kraftsamband då det vart skipa som samkøyringsselskap mellom kraftverka på Vestlandet i 1955. Han fekk ansvaret for å byggje ut dei store stamlinene.

Herland vart første direktøren i det fylkeseigde Sogn og Fjordane Energiverk då det vart skipa med hovudkontor på Sandane i 1968 - seinare Sogn og Fjordane Energi AS.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.03.2008