Hopp til innhold
X
Innhald

Kåre Øvregard

Lærar ved Sperle skule 1957-1962, Gaupne barneskule 1962-1975.

Kåre Øvregard fødd 1933 i Jostedalen, busett i Gaupne. Lærar, rådmann, forfattar og Arbeidarparti-politikar. Eksamen frå Stord lærarskule 1957, Statens sløyd og tegneskole 1961, sommarkurs NLH 1964.

Lærar ved Sperle skule 1957-1962, Gaupne barneskule 1962-1975.

Offentlege verv

Rådmann i Luster 1989-1994. Var varaordførar i Jostedal kommune 1959-1962, i Luster kommunestyre 1963-1965, varaordførar 1965-1967. Kommunestyremedlem 1971-1975 og ordførar i Luster 1975-1977. Hadde elles m.a. verv i skulestyre, var leiar i generalplannemnda og var medlem i både den kommunale og fylkeskommunale friluftsnemnda.

Medlem i Interimsstyret for Norske vasskraftkommuners landssamanslutning 1976-1985. På riksplan har Øvregard elles hatt tillitsverv i styreorgan i Vinmonopolet, og har elles hatt lokale styreverv i Vestlandsbanken. Stortingsrepresentant 1977-1989.

Aktiv i lokalsamfunnet

I lokalt organisasjonsarbeid har Øvregard hatt ei rad styreverv i ungdomslag, musikkliv og idrettslag. Han var styremedlem for Arbeidararkiv Sogn og Fjordane frå 1989.

Forfattarskap

Har skrive «Skulesoge for Luster kommune» (1996) og «Stølar i Luster kommune» (Skald 1999).

I 2011 vart Øvregard tildelt kulturprisen til Luster kommune.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.12.2011