Hopp til innhold
X
Innhald

Karl Lerum

Lerum gjekk Sogndal folkehøgskule og arbeidde som kjøpmann på Sørheim i Luster og i Vik.

Karl Ørbeck Lerum (1916-2014) frå Sogndal. Fabrikkdirektør. Soneson til grunnleggjaren av N. H. Lerums Saftfabrikk A/S, Nils Hansson Lerum.

Lerum gjekk Sogndal folkehøgskule og arbeidde som kjøpmann på Sørheim i Luster og i Vik.

Han var disponent ved Lerums Saftfabrikk frå 1950 til 1976. Han leia den store utbygginga av nye fabrikkar i Sogndal i 1964, og bygging av fabrikken Sognesaft på Foss i 1974-1975.

Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 1984.

Far til Kåre Lerum, Bjarne Lerum og Gerd Kjellaug Berge.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.06.2014