Hopp til innhold
X
Innhald

Karl Olai Skjerdal

Karl Olai Skjerdal (1911–1988) frå Skjerdal. Jurist med ein lang karriere i departement og i teneste for FN, før han i 1955 vart utnemnd til departementsråd i Industridepartementet.

Hadde m.a. ei lang rad styreverv bak seg i norsk industri og gruvedrift. Kom sterkt i søkjelyset under regjeringskrisa som fylgde etter gruveulukka i Kings Bay på Svalbard i 1963. Denne førde til at regjeringa Einar Gerhardsen fekk mistillitsvotum og måtte gå. Etter ein lang rettsprosess, greidde Karl Skjerdal å fri seg frå skuldingane som vart sette fram mot han om embetsforsøming. Skjerdal har sidan skrive fleire memoarbøker om hendingane kring Kings Bay-saka.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 10.03.2008