Hopp til innhold
X
Innhald

Karl Uchermann

Karl Uchermann (1855-1940) frå Vestvågøy, oppvaksen i Vik og Gloppen. Kunstmålar.

Karl Uchermann (1855-1940) frå Vestvågøy, oppvaksen i Vik og Gloppen. Kunstmålar.

Studerte m.a. ved Bergslien målarskule og hos Anders Askevold, før han spesialiserte seg som «dyremålar» ved studiar i München og Paris. Er representert m.a. i Nasjonalgalleriet.

Uchermann var son av soknepresten i Vik, budde der i 1857-1867, og flytta seinare med familien til Gloppen. Han har måla altertavla til kyrkjene i Vik (Kyrkjer i Vik) og Hyen og Vereide (Kyrkjer i Gloppen).

Han fann også opp ein frankeringsmaskin som vekte stor merksemd i si tid.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 10.06.2011