Hopp til innhold
X
Innhald

Katrine Sele

Katrine Sele fødd 1972 i København, busett på Vassenden. Journalist og forfattar.

Katrine Sele fødd 1972 i København, busett på Vassenden. Journalist og forfattar.

Tilsett i avisa Firda i Førde sidan 1998, der ho i hovudsak har arbeidd som kulturjournalist og -kritikar.

Ho har gjeve ut artikkelsamlinga «Månen er så liten som ein katt» (Selja forlag 2000), «Tvisynt tvilar» - eit Oddvar Torsheim-portrett (Skald forlag 2001) og ”Herifrå” (Selja Forlag 2006), eit samtidsdokument om Sogn og Fjordane og «Kenneth – historia om Kenneth Sivertsen» (Samlaget 2013).

Tildelt presseprisen til Sogn og Fjordane journalistlag i 2000 og 2005, Sivleprisen (Sivlelaget) i 2008 for framifrå nynorsk, og Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2012.

I 2013 vart ho tilsett som kommunikasjonsrådgjevar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.10.2013