Hopp til innhold
X
Innhald

Kjartan Longva

Kjartan Longva. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Kjartan Longva. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Kjartan Longva fødd 1944 i Vatne på Sunnmøre, busett i Høyanger. Lektor og Arbeidarpartipolitikar.

Tilsett ved Høyanger v.g. skule i 1975, rektor frå 1985. Medlem av kommunestyre og formannskap 1980-1988, derav fire år som varaordførar. Ordførar i Høyanger frå 1995 til 2011.

Medlem av landsstyret i Arbeidarpartiet 1984-1986, og Fagøkonomisk råd i Ap.

Frå 1988 til 2011 medlem av fylkestinget, der han har vore leiar i nærings- og ressurutvalet og i SND-styret. Styremedlem og - leiar i Botnaneset Industriselskap (oljebaseanlegget i Flora).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.11.2011