Hopp til innhold
X
Innhald

Kjell Bergfjord

Kjell Bergfjord. Foto: HSF.

Kjell Bergfjord. Foto: HSF.

Kjell Bergfjord fødd 1947 i Lindås, busett i Vik. Cand. philol. og historikar.

Var 1975-1996 tilsett ved den Vik vidaregåande skule - frå 1980-1996 som rektor, med unnatak av åra 1990-1991 då han var kultursjef i Vik kommune. Frå 1996 assisterande administrasjonssjef i Vik kommune, seinare som oppvekstsjef. Studieleiar for lærarutdanning ved Høgskulen i Sogn og Fjordane - HSF - frå 2008.

Bergfjord har som historikar m.a. skrive soga om «Vik Sparebank i 150 år», historia om Sogn og Fjordane Meieri, Luster vidg. skule, husmorskulehistoria i Sogn og Fjordane, og medarbeidar i tidsskriftet «Pridlao».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.06.2011