Kjell Ese

Kjell Ese fødd 1953 i Balestrand. Jurist og politimeister.
Tok juridisk embetseksamen (juridikum) 1980. Arbeidde eitt år i Rikstrygdeverket, fem år i kommunalavdelinga hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, assisterande rådmann i Odda kommune i eitt år, rådmann i Balestrand 1986-1992, politiinspektør ved Sogn politikammer 1992-1996, politimeister i Sogn 1996-2001.
Vart i 2001 utnemnd som den første politimeisteren for eit samla Sogn og Fjordane politidistrikt med hovudsete i Florø. Ese gjekk av som politimeister i 2006. Han vart etter det tilsett som kommunalsjef i Høyanger.
Ese har vore aktiv i idretts- og musikkmiljøet i Balestrand, og har hatt ei rad tillitsverv innan begge.
Son til Jens K. Ese (sjå Kjende personar i Balestrand fødde 1900-1950).
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 15.11.2010