Hopp til innhold
X
Innhald

Kjell Opseth

Kjell Opseth. Foto: Bjørn Sigurdsøn, Scanpix.

Kjell Opseth. Foto: Bjørn Sigurdsøn, Scanpix.

Kjell Olav Opseth fødd 1936 i Førde. Arbeidarpartipolitikar og statsråd.

Utdanna elektroingeniør, og disponent i NEBB Førde før han vart heiltidspolitikar. Medlem av kommunestyre, ei rad tillitsverv, m.a. tillitsverv i LO, og fylkesleiar i Arbeidarpartiet frå 1978-1982. I Arbeidarpartiet sitt landsstyre 1979-1985.

Stortingsrepresentant frå 1981 til 2001. Regjeringsutval for informasjonsteknologi 1995. Samferdsleminister i Gro Harlem Brundtlands regjeringar 1990-1996, og kommunalminister i Thorbjørn Jaglands regjering 1996-1997.

Etter at Opseth slutta som politikar har han arbeidd som frittståande konsulent og rådgjevar for næringslivet.

Son til fabrikkeigar Karl Andreas L. Opseth (sjå Kjende personar i Førde fødde år 1890-1920) og onkel til Lasse Opseth.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.11.2010