Hopp til innhold
X
Innhald

Kjell-Ragnar Berge

Kjell Ragnar Berge fødd 1957 i Hyllestad, busett i Førde. Lærar og krigshistorikar.

Kjell-Ragnar Berge fødd 1957 i Hyllestad, busett i Førde. Lærar og krigshistorikar.

Gav i 1995 ut «Fronten er kysten» - eit komplett oversyn over tyske festningsverk og aktivitetar i Sogn og Fjordane under 2. verdskrig. Medforfattar av «Krigsår» (Selja forlag 2005) og "Krigsseglarar" (Selja Forlag 2008). Har elles publisert mange artiklar om krigshistorie.

I 2015 gav han ut boka "Regiment 193" (Forl. Kristiansen) om den tyske okkupasjonen av Norge slik dei tyske soldatane opplevde det.


Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2015