Hopp til innhold
X
Innhald

Kjerstina Vangsnes

Kjerstina Vangsnes.

Kjerstina Vangsnes.

Kjerstina Vangsnes f. Hauglum (1867-1915) frå Hauglum i Fresvik. Kunstveverske.

Vert rekna som den som var bindelekken mellom gamal og moderne norsk biletvevkunst, ved at ho underviste på Randi Blehr sin biletvevskule i Lærdal: Vevkurset som berga norsk vevkunst.

Gåverik kunstnar

Av mora Ragnhild O. Holum (1826-1917) hadde ho lært den eldgamle smettvevsteknikken som gjorde mønstra like på begge sider. Biletvevteppa til Kjerstina Vangsnes vitnar om ein uvanleg gåverik kunstnar, og det vert sagt at ho kunne veve biletvev på «frihand» - utan hjelp av kartong (mønster).

Selde teppe til keisar og konge

Det første større arbeidet Kjerstina gjorde,var ein kopi av eit gamalt biletteppe som Peter Andreas Blix kjøpte til restaureringa av Hove steinkyrkje i 1887. I 1889 heldt ho sitt første vevkurs ved Randi Blehr sin vevskule i Lærdal. Ein av elevane var Frida Hansen frå Stavanger, som vert rekna som den fremste biletveverska på den tida. Kjerstina selde m.a. 13 biletteppe til keisar Wilhelm II og kongen av Siam, og arbeida hennar heng m.a. i Gaupne kyrkje, på Troldhaugen og på Sogn Folkemuseum.

Dette teppet laga av Kjerstina Vangsnes heiter Ragnhilds draum. Foto: Lars Asle Vold.

Dette teppet laga av Kjerstina Vangsnes heiter Ragnhilds draum. Foto: Lars Asle Vold.

Bar alltid bunad på reise

Det vert fortalt om Kjerstina at ho var sterkt nasjonalt medviten. Ho bar difor alltid bunad når ho var ute på reise, og dei fleste av biletmotiva på teppa hennar er henta frå norrøn mytologi og historie.

Gift med Johannes Nilson Vangsnes og mor til Nils J. Vangsnes.

Dette teppet heiter Barnet og engelen og heng i Gaupne kyrkje.

Dette teppet heiter Barnet og engelen og heng i Gaupne kyrkje.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 10.06.2011