Hopp til innhold
X
Innhald

Knut A. Taraldset

(1862–1947) frå Innvik. Bonde, bankmann og politikar. Ordførar i Innvik frå 1911 til 1931, og stortingsrepresentant for Høgre 1895-1900, og 1903-1906.

Før unionsoppløysinga 7. juni 1905 var Taraldset med i den såkalla «Specialkomiteen» – ei stortingsnemnd med 19 medlemmer som greidde ut kva Noreg skulle gjere etter brotet med Sverige i striden om eige norsk konsulatvesen. Seinare var Taraldset vararepresentant til Stortinget 1922-1927.

Var medlem av fylkesutvalet i lange bolkar, og hadde m.a. styreverv i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og i Ålfot-selskapet (Ålfotsaka - det store økonomiske marerittet). I tillegg til offentlege verv, var Taraldset m.a. bankdirektør i Innvik Sparebank i 40 år og direktør i Innvik Branntrygdelag.

Tildelt Borgardåd-medaljen for samfunnsinnsats.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.03.2008