Knut Kvikne

© Fylkesarkivet.
Knut Kvikne (1844-1914) frå Lærdal, busett i Balestrand. Hotelleigar, som saman med broren Ole Kvikne bygde opp Kvikne's Hotel i Balestrand.
Knut emigrerte først til Amerika, men kom tidleg på 1880-talet tilbake og investerte sparepengar i hotellet som broren hadde kjøpt i Holmen i Balestrand. Medan Ole skjøtta hotelldrifta, arbeidde Knut mykje som guide og fjellførar for turistane.
Gifta seg i 1890 med engelske Margaret Sophia Green Kvikne, og lova henne å byggje den såkalla Engelsk-kyrkja i Balestrand (St. Olafs kyrkje). Knut Kvikne leia arbeidet med å byggje Balestrand kraftverk ved Ese i 1914.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 26.07.2011