Hopp til innhold
X
Innhald

Knut O. Aarethun

Foto: NRK.

Foto: NRK.

Knut O. Aarethun fødd 1942 frå Lærdalsøyri. Økonomisjef og rådgjevar ved fylkessjukehuset i Lærdal og Arbeidarparti-politikar. Tilsett ved sjukehuset frå 1964.

Medlem av kommunestyre og formannskap i Lærdal i fleire periodar frå 1967. Ordførar 2003-2007.

Medlem av fylkestinget sidan 1981. Har vore medlem av fylkesutvalet det meste av tida sidan og leiar for Arbeidarparti-gruppa. Fylkesvaraordførar 1991-1995, fylkesordførar 1995-1999.

Mellom andre tillitsverv har Aarethun m.a. vore tillitsvald i Norsk Kommuneforbund, idrettsleiar, leiar for fylkesavdelinga i Kommunenes Sentralforbund 1999-2007 og i styret for Fylkebaatane. Tildelt KS sin medalje for innsatsen sin i politisk teneste.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2011