Hopp til innhold
X
Innhald

Knut Rumohr

Knut Rumohr. Foto: Stein Magne Os, NRK.

Knut Rumohr. Foto: Stein Magne Os, NRK.

Knut Lindstrøm Rumohr (1916-2002) frå Frønningen, busett i Oslo. Biletkunstnar, målar og grafikar. Sjølv om Knut Rumohr var busett i Oslo reiste han likevel årvisst heim til Frønningen, der han hadde eige hus og atelier, og arbeidde der heile sommaren. - All inspirasjon til bileta hentar eg frå Sogne-naturen, sa Knut Rumohr. Han vart ein av dei fremste nonfigurative målarane i Noreg på 1900-talet.

Oppvaksen på Frønningen

Knut Rumohr var fødd i Bergen, men voks opp i veglause Frønningen ved innløpet til Aurlandsfjorden. Det store skoggodset på 65.000 dekar har vore i slekta si eige sidan 1600-talet - først i Lem-slekta. Ved inngifte på slutten av 1800-talet i Rumohr-slekta på Rikheim - storgarden i Lærdal.

Guvernante og tenararar

På Frønningen bygde bestefaren eit stort herskapshus der Knut voks opp, omgjeven av guvernante og stort tenarskap. Til dagleg tala såleis Rumohr bokmål med bergensk tonelag, men kunne slå over til ekte sognadialekt når han ynskte det.

Komposisjon 1965 - tempera på lerret av Knut Rumohr. © Blomqvist Kunsthandel.

Komposisjon 1965 - tempera på lerret av Knut Rumohr. © Blomqvist Kunsthandel.

Landskap ved Sognefjorden 1946 av Knut Rumohr. © Blomqvist Kunsthandel.

Landskap ved Sognefjorden 1946 av Knut Rumohr. © Blomqvist Kunsthandel.

Utdanning

Han tok utdanning ved Bergen Kunsthåndverksskole 1934, Statens Håndverks- og Kunstindustriskole 1935-1941, og ved Statens Kunstakademi 1938-1941. Han studerte m.a. under kunstnarar som Per Krogh, Olaf Willums, Jean Heiberg og Georg Jacobsen. I tillegg har Rumohr hatt fleire studiereiser til europeiske land, USA og Afrika.

Mange utstillingar

Sidan debuten på Haustutstillinga i 1939 har han delteke i ei lang rad separat- og kollektivutstillingar i inn- og utland. Men han gløymde aldri heimbygdene, og på 1990-talet hadde han jamnt store utstillingar på Galleri Walaker 300 i Solvorn.

Rumohr i atelieret på Frønningen.

Rumohr i atelieret på Frønningen.

Nonfigurativ kunst

I yngre år arbeidde Knut Rumohr ein del med figurative uttrykk, m.a. i den vanskelege tresnitteknikken xylografi, som vert skoren i endeved. Men han utvikla seg etter kvart til ein av våre fremste nonfigurative kunstnarar, der fargesterke bilete i grafikk og tempera med inspirasjon frå vestlandsnaturen vart hans kjennemerke.

Stort format

Han arbeidde ofte i store format, og har også hatt store utsmykkingsoppgåver m.a. i Eid rådhus, Lærdal rådhus, Høyanger samfunnshus, Sogndal Gymnas, Sjøkrigsskolen, Dikemark sykehus, fleire norske ambassadar, Hotell Viking, Hotell Continental, SAS-hotellet, Kviknes Hotell og Lindstrøm Hotell. Han har også utført ei mengd teaterdekorasjonar og illustrasjonsarbeid.

Museum

Rumohr er representert m.a. i Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst, Riksgalleriet, Norsk Kulturråd, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Oslo Kommunes Kunstsamlinger, Victoria and Albert Museum, Moderna Museet, Arkivmuseet i Lund, Gøteborgs Konstmuseum og Tønder Museum.

Utmerkingar

Rumohr mottok ei mengd utmerkingar og stipend. Han var invitert utstillar ved Festspela i Bergen i 1966 og 1979, og har m.a. motteke Fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane. I 2014 gav konservator Ingrid Norum ut ei bok om Knut Rumohr og kunsten hans - "TEMPERAment" (Skald forlag).

Dei gamle sognehusa er samla av Knut Rumohr.

Dei gamle sognehusa er samla av Knut Rumohr.

Kulturvern

Ved sida av kunstnargjerninga, var den stillfarande Knut Rumohr levande oppteken av kulturvern. På Frønningen bygde han opp eit heilt tun med eldre bygningar samla frå dei inste Sognebygdene. Desse møblerte han med antikke møblar og gjenstandar. Han gjorde også mykje for å restaurere og halde ved like det prakfulle hovudhuset på Frønningen-godset, og deltok aktivt i restaureringa av den gamle hovudbygningen frå 1700-talet på slektsgarden Rikheim.

Sonen Vilhelm Rumohr er i dag (2005) eigar av Frønningen-godset.

Sjå også:

Frønningen med hovudhuset til venstre. Foto: Vilhelm Rumohr.

Frønningen med hovudhuset til venstre. Foto: Vilhelm Rumohr.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2015