Hopp til innhold
X
Innhald

Kong Bele

Kong Bele-statuen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kong Bele-statuen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kong Bele skal etter eit islandsk sagaskrift frå 1300-talet ha budd i Balestrand eller Systrond. Han var småkonge over Sygnafylket i vikingtida (800-900 e. kr.).

Kong Bele var far til Helge, Halvdan og Ingebjørg. Fridtjof den frøkne, som skal ha budd på Vangsnes fridde til Ingebjørg, men vart lurt bort frå giftarmålet av Helge og Halvdan. Ingebjørg vart i staden gift med kong Ring på Ringerike. Kjærleikssoga og Ingebjørg og Fridtjof vart opphav til romansuksessen «Fridtjofs Saga» av svensken Esaias Tegnér i 1825.

Romanen vart m.a. lesen av Keisar Wilhelm II av Tyskland. I 1913 fekk den tyske keisaren reist minnestøtte over kong Bele i Balestrand, og kjempestatua av Fridtjof på Vangsnes:

Sjå meir:

Her står statuen av Kong Bele. Foto: Ronny Brede Aase, NRK.

Her står statuen av Kong Bele. Foto: Ronny Brede Aase, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.07.2011