Hopp til innhold
X
Innhald

Kong Sverre

Kong Sverre talar til mennene sine før slaget ved Fimreite. Teikning frå norsk lesebok (1926).

Kong Sverre talar til mennene sine før slaget ved Fimreite. Teikning frå norsk lesebok (1926).

Sverre Sigurdsson (ca. 1150-1202). Norsk konge.

Etter «Sverre-sagaen» var Sverre Sigurdsson fødd i Noreg, men vaks frå han var fem år gamal opp på Færøyane. Han var mest truleg son av Gunnhild og ein Bergens-mann som heitte Unas, og det var bror til Unas, som var biskop på Færøyane, som fostra han opp. Sjølv hevda Sverre seinare at han var son av kong Sigurd 2. Munn (1134-1159), og at bestefaren såleis var kong Harald Gille (sjå også om denne i: Dronning Ingrid og Arne på Stodrheim). Denne påstanden om kongeleg byrd var grunnlaget for at Sverre då han vende heim til Noreg i 1176 og vart leiar for baglarane, gjorde krav på den norske kongetrona.

Væpna kamp for makta

Birkebeinarane sette Sverre inn som sitt kongsemne i 1177, etter at den tidlegare føraren deira, Øystein Møyla, hadde falle i eit slag på Re mot barnekongen Magnus 5. og faren Erling Skakke. I 1179 kom det til nytt slag på Kalvskinnet i Trondheim. Her vann Sverre over Magnus, og Erling Skakke fall. I eit nytt slag på Ilevollen i 1180 lei Magnus eit nytt nederlag for Sverre, men søkte støtte hjå sympatisørar på Vestlandet og Sørlandet og delvis i Danmark.

Her ved Fimreite vann Sverre over Magnus Erlingsson. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Her ved Fimreite vann Sverre over Magnus Erlingsson. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Slaget ved Fimreite

I 1184 kom det til eit endeleg oppgjer, då Magnus V Erlingsson og Sverre Sigurdsson møttest i slaget ved Fimreite. Her fall kong Magnus saman med 2.000 mann.

Kong Sverre brende Lusakaupang

Nokre månader før slaget ved Fimreite, hadde Sverre sendt ein hær til Sogn for å straffe bønder som hadde drepe nokre av lendmennene hans då dei jula 1183 hadde vore samla til gilde i Lusakaupang - dvs. noverande Kaupanger. Då sogningane ikkje innfridde ein lovnad om å betale kongen 15 gulldinarar, straffa han dei ved å brenne heile Lusakaupang og plyndre gardane i Sogndal.

Baglarbispen Nikolas Arnesson

Men slaget ved Fimreite skapte ikkje fred i Noreg: Etter slaget, reiste fleire flokkar seg mot kong Sverre. Den mektigaste av desse vart Baglarane, leia av Oslo-bispen Nikolaus Arneson, som var fødd og oppvaksen på Stårheim i Nordfjord og høyrde til den mektige Stårheimsætta. Bak bisp Nikolaus stod kyrkja imot kong Sverre, som utfordra det gamle kyrkjelege maktapparatet til føremon for eit meir nasjonalt styresett, der kongen stod over kyrkja.

Mynt utferda av Sverre Sigurdsson.

Mynt utferda av Sverre Sigurdsson.

Styrte frå Bergen

I 1194 hadde Sverre lete seg krune til norsk konge i Bergen. Her var også ein flokk bispar til stades. Kong Sverre utøvde sitt kongestyre frå setet sitt i Bergen. Under kong Sverre vart syslemannsstyret og ordninga med lagmenn bygt ut, og riket fekk også kanslar som kunne utferde kongebrev.

Bannlyst av Paven

Striden mellom kyrkja og den «radikale» kong Sverre enda med at kong Sverre og kongeriket hans vart lyst i bann av Paven i 1198, og bispane som hadde vore med på kruninga i Bergen, måtte røme landet.

Baglarane på frammarsj

Nikolaus Arnesson med sine Baglarar fekk kontroll over Vika - dvs. Oslofjord-området, seinare over Trøndelag, og i 1898 gjekk dei til åtak på kongssetet Bergen. Her øydela dei hærskipa til kong Sverre og dreiv han på flukt til Trøndelag. Baglarane fylgde etter, men i eit slag mot kongehæren på Strindfjorden i 1198 vann kong Sverre ein viktig siger over Baglarane. Han fylgde etter restane av baglarhæren til Austlandet, der dei etter 20 vekers beleiring på Slottsfjellet i Tønsberg overgav seg. Men kong Sverre døydde utan å ha kome til forsoning med kyrkja, og utan å ha fått bukt med dei opprørske Baglarane og bisp Nikolaus Arnesson.

Nilolaus kom til å spele ein sentral rolle i det norske maktapparatet heilt fram til han døydde i 1225.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.08.2011