Hopp til innhold
X
Innhald

Kongevitjingar i Førde

Mange møtte fram ved Langebrua då Kong Olav vitja Førde i 1958. Foto: D. Reiakvam.

Mange møtte fram ved Langebrua då Kong Olav vitja Førde i 1958. Foto: D. Reiakvam.

Kong Olav V

vitja Førde i samband med 100-årsjubilèet til Fylkesbaatane i 1958. Fylket heldt festmiddag for kongen på den då nye ”husmorskulen” i Førde sentrum (noverande fylkesgalleri og fylkeskulturkontor).

Kong Olav et middag på husmorskulen i Førde under besøket i 1958. Til høgre for kongen fylkesmann Nikolai Schei.

Kong Olav et middag på husmorskulen i Førde under besøket i 1958. Til høgre for kongen fylkesmann Nikolai Schei.

Kong Harald V

vitja som kronprins Førde i 1979 saman med kronprinsesse Sonja i samband med ei rundreise som paret gjorde til kommunar i fylket. Reisa gjekk elles til Solund, Høyanger, Fjaler, Gaular, Luster og Lærdal.

Dronning Sonja

vitja Førde saman med kong Harald V då dei som kronprinspar gjorde ei stor rundreise i fylket i 1979. Sonja vitja og Førde i 2004 og 2010 for å opne Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, og har sidan 2006 vore festivalen sin høge vernar.

Dronning Sonja kjem til Førdehuset for å opne Førde Internasjonale Folkemusikkfestival  i juli 2010. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Dronning Sonja kjem til Førdehuset for å opne Førde Internasjonale Folkemusikkfestival i juli 2010. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.09.2010