Hopp til innhold
X
Innhald

Kongevitjingar i Stryn

Kong Olav var på privat gjesting i Briksdalen i 1980. Her helsar han på fjordhesten Linda. Foto: Magnus Rustøy.

Kong Olav var på privat gjesting i Briksdalen i 1980. Her helsar han på fjordhesten Linda. Foto: Magnus Rustøy.

Oscar II.

Oscar II.

Kong Oscar den 2.

vitja indre Nordfjord i 1896 med panserskipet «Heimdal». M.a. var han til gudsteneste i den gamle Olden-kyrkja, og vitja Briksdalsbreen. Han reiste òg med båten « Fridtjof Nansen» til Hjelle i Oppstryn. Han overnatta på Hotel Central på Visnes, der ein av salane deretter vart kalla «King Oscars Hall».

Folk var møtt fram i sin finaste stas då Kong Haakon kom til Olden i 1906. Foto: Jens K. Maurseth. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Folk var møtt fram i sin finaste stas då Kong Haakon kom til Olden i 1906. Foto: Jens K. Maurseth. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kong Haakon VII

vitja like etter kroninga i 1906 Loen og Olden saman med dronning Maud og kronprins Olav. I 1936 opna han vegen Olden-Innvik (sjå også William Henry Singer jr.). Kong Haakon VII i spissen for heile kongefamilien vitja i 1949 Lodalen for å sjå merka etter rasulukka i 1936.

Kong Haakon saman med William Singer under opninga av vegen Olden-Innvik i 1936.

Kong Haakon saman med William Singer under opninga av vegen Olden-Innvik i 1936.

Kong Olav V

var i Loen i 1906 (sjå kong Haakon ovanfor). Han og kronprinsesse Märtha vitja Olden i samband med ei stor rundreise i fylket i 1933, og han representerte som kronprins kongehuset under gravferda til dei omkomne etter Loen-ulukka (sjå Lodals-ulukkene) den 16. september 1936. Olav vitja Stryn i 1949 saman med kronprinsesse Märtha i samband med ei rundreise på Vestlandet.

Kong Olav V blir ynskt velkomen til Hotel Alexandra i 1978 i samband med opninga av Strynefjellsvegen.

Kong Olav V blir ynskt velkomen til Hotel Alexandra i 1978 i samband med opninga av Strynefjellsvegen.

Kong Olav V vitja Loen og Olden 1970 med kongeskipet «Norge» saman med resten av kongefamilien. Han opna Strynefjellsvegen 17. oktober 1978, og han var på privat gjesting til Briksdalsbreen i 1980.

Kong Harald har prøvd fiskelukka i Stryneelva. Her saman med Knut Harald Løvdal på Lysvoll. Foto: Inge Fænn.

Kong Harald har prøvd fiskelukka i Stryneelva. Her saman med Knut Harald Løvdal på Lysvoll. Foto: Inge Fænn.

Kong Harald V

vitja Stryn som kronprins i 1970 saman med resten av kongefamilien. 30. august 1993 vitja han saman med dronning Sonja og eit stort fylgje av Europas kongelege Olden og Briksdalen i samband med feiringa av kongeparet sitt sølvbryllup.

I 1996 vitja kong Harald Stryn i samband med ski-NM i nordiske greiner. Også eksotiske monarkar tok tidleg til å vitje Stryn:

Kong Harald var til stades under NM i hopp på Vangen i 1996. Til venstre skipresident Jan Jensen og til høgre Inge Fænn, som var leiar i hovudkomitéen for NM.

Kong Harald var til stades under NM i hopp på Vangen i 1996. Til venstre skipresident Jan Jensen og til høgre Inge Fænn, som var leiar i hovudkomitéen for NM.

Kronprins Haakon

I september 2006 var kronprinsparet Haakon og Mette-Marit på offisiell gjesting i seks kommunar i Sogn og Fjordane: Askvoll, Flora, Gloppen, Stryn, Hornindal og Eid.

Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit i Stryn i 2006. Foto: Øyvind Torvund, NRK.

Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit i Stryn i 2006. Foto: Øyvind Torvund, NRK.

Utanlandske monarkar:

Wilhelm II.

Wilhelm II.

Keisar Wilhelm II

av Tyskland vitja indre Nordfjord fleire gonger med keisarskipet «Hohenzollern» og eit stort fylgje. Første gong i 1890, då han m.a. fiska laks i Oldeelva hjå Mr. Byron. Han vitja også Briksdalsbreen på denne første turen. Også i 1894 vitja keisaren Briksdalsbreen.

Keisar Wilhelm prøver fiskelukka i Oldenelva. Han får gode råd av Lord Byron.

Keisar Wilhelm prøver fiskelukka i Oldenelva. Han får gode råd av Lord Byron.

Dronning Wilhelmina

av Nederland (1880–1962) ferierte i Noreg tolv gonger frå 1921 til 1955. Ho vart regjerande dronning 1934. I Nordfjord budde dronninga oftast på Hjelle Hotell i Oppstryn, første gong i 1925. Der finst det fleire minne etter hennar besøk. Ho var ivrig amatørmålar, og gjekk også over Flofjellet mellom Sunnylven og Flo. Ho abdiserte i 1948, og i 1955 kom ho på vitjing på Hjelle saman med dottera Juliana, som då var blitt dronning.

Rama V - kongen av Siam.

Rama V - kongen av Siam.

Kongen av Siam

(Chulalongkorn) vitja i 1907 Strynefjellet, Kjenndalsbréen og Loen, der han ferierte ein månads tid. På Hotel Alexandra leigde kongefylgjet 13 rom. I 1934 kom kronprinsen frå same landet med eit heilt familiefylgje på gjesting til indre Nordfjord.

Kongen av Siam på ein fjording i Kjenndalen i 1907.

Kongen av Siam på ein fjording i Kjenndalen i 1907.

Storvesiren av Iran

vitja Loen i 1910.

The Silver Cruise

I samband med det norske kongeparet sitt sølvbryllaup i august 1993, vitja fylgjande kongelege statsoverhovud Briksdalen i Stryn:

:Kong Carl Gustaf av Sverige :Dronning Margrethe II av Danmark :Dronning Beatrix av Nederland :Kong Juan Carlos av Spania :Storhertug Jean av Luxembourg :Ekskong Konstantin av Hellas :Det britiske kongehus var representert ved prins Edward.

Briksdalsbréen var eit sjølvsagt reisemål då Kong Harald og Dronning Sonja ville vise kongelege frå heile Europa sjølve indrefileten av norsk natur under ”The Silver Cruise” i 1993. Foto: Olav Jakob Tveit.

Dei kom då med fly til Anda, reiste med buss til Karistova på Utvikfjellet. Der kledde dei seg om for turen til Indre Nordfjord, der 24 fjordingar frå Oldedalen Skysslag frakta dei til Briksdalsbreen. Både det norske kongeskipet «Norge» og det danske «Dannebrog» fylgde med på «The Silver Cruise» til Loen.

Ein del av det kongelege følgjet framfor Briksdalsbreen. Fremst sit det norske kongeparet, og bak kan vi m.a. sjå regentane i Danmark og Sverige, Prins Edward, Prinsesse Märtha Louise og Kronprins Haakon.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 07.03.2011