Hopp til innhold
X
Innhald

Kornelius Sølvberg

Kornelius Sølvberg (1892-1977) frå Blakset. Bureisar og skribent. Starta 1939 det nynorske bladet «Kolbein Sterke», eit IOGT-blad som kom ut til 1947. Same året starta han bladet «Solsprett» saman med Ivar Rusti. Bladet kom ut i Sogndal, men gjekk inn i 1949.

Kornelius Sølvberg og Anders M. Sølvberg starta i 1949 eit eige medlemsblad for småbrukarane i Sogn og Fjordane og Hordaland, «Småbrukaren», med Kornelius Sølvberg som redaktør, men bladet gjekk inn i 1951.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.03.2011