Hopp til innhold
X
Innhald

Kristi Ylvisaker

Kristi Ylvisaker (1942-2010) frå Moorhead, Minnesota, USA, busett i Sogndalsdalen. Biletkunstnar og bonde.

Kristi Ylvisaker (1942-2010) frå Moorhead, Minnesota, USA, busett i Sogndalsdalen. Biletkunstnar og bonde.

Utdanna ved Concordia College University of Iowa og New York Studio School. Ylvisaker er kjend for ei frodig uttrykksform med sterk fargebruk. Har hatt fleire separatutstillingar i Noreg og USA, og delteke i ei rad kollektivutstillingar i Noreg og ei i USA.

I 1990 illustrerte ho boka «A Time for Peace» av Maru Nilsen, Zion Publ. Ylvisaker har hatt utsmykkingsoppdrag i kommunehuset i Sogndal 1984, sjukehuset i Lærdal og Sogndal handelsskule 1988, Vik vidaregåande skule 1991 og Sogndal vidaregåande skule 1992. Ho er kjøpt inn av Norsk Kulturråd, Sogn og Fjordane kunstmuseum og Norsk Utvandrarmuseum.

Kristi Ylvisaker gav i 1999 ut boka «Under breen» (Skald forlag) med lyrikk og illustrasjonar saman med Astrid Myklebust og Finn Egil Eide.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.08.2011