Hopp til innhold
X
Innhald

Kristian Eikås

Kristian Eikås (1899–1974) frå Eikås. Lærar og grunnleggjar av den vidgjetne Heimeyrkesskulen i Jølster (no avdeling av Jølster og Mo v.g. skule), der han var rektor frå starten 1945 til 1969.

Eikås tok tilleggsutdanning på Statens Sløyd og Teiknelærarskule, og fekk der kontakt med kjende formgjevarar, m.a. Finn Krafft. Eikås la stor vekt på at elevane sjølve skulle lære og utvikle eigen formsans, og dette vart eit av varemerka for Heimeyrkesskulen, som vart søkt av elevar frå heile landet. Kristian Eikås gjorde opptaket til skiping av husflidslaget i Jølster i 1939.

Saman med broren Bertil (1907-1957) starta Kristian Ekås «Pennalfabrikken». Tildelt Kongens fortjenstmedalje i gull.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.03.2008