Hopp til innhold
X
Innhald

Kristian Eimhjellen

Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane

Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane

Kristian Eimhjellen (1874–1942) frå Eimhjellen i Hyen, busett i Naustdal og Bygstad. Lærar.

Lærar, som slo seg til i Naustedalen, og fekk skipa Sunnfjord Ungdomslag i 1898, etter at sunnfjordingane ei tid hadde vore saman med Nordfjord i Firda Ungdomslag.

Flytta til Austlandet i 1914, men kom tilbake som lærar til Bygstad i Gaular i 1919.Same året vart han redaksjonsmedlem for: Bladet Folkeskulen som Arne Eliasson Sølvberg gav ut frå Naustdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.09.2010