Hopp til innhold
X
Innhald

Kristian Ottosen

Kristian Ottosen (1921-2006) på Kverhella, busett i Oslo. Direktør, forfattar og motstandsmann under 2. verdskrig.

Kristian Ottosen (1921-2006) frå Kverhella, busett i Oslo. Direktør, forfattar og motstandsmann under 2. verdskrig.

Kom med i motstandsgrupper i Bergen. Arrestert 25.06.1942, overført Veiten, overført Bergen 14.07.1942, overført Grini 1.09.1942, overført Sachsenhausen 10.12.1942, overført Natzweiler 14.06.1944, overført Dachau 5.09.1944, overført Ottobrünn 11.09.1944, overført Dautmergen 20.09.1944, overført Vaihingen 20.11.1944 og sat der til freden.

Dugnad på Vikafjellsvegen

Han deltok etter krigen m.a. i «studentbrigadane» som dreiv dugnad på Vikafjellsvegen. Vart seinare direktør for Studentsamskipnaden i Oslo. I 1965 vart han formann i «Ottosen-komitéen» som la fram utgreiinga om den høgare utdanninga i Noreg som m.a. førde til skiping av dei nye distriktshøgskulane frå 1969.

Kristian Ottosen (i midten) etter heimkomsten frå tysk fangenskap. Til venstre mora og til høgre broren Halvdan. Foto: Odd Ottosen.

Kristian Ottosen (i midten) etter heimkomsten frå tysk fangenskap. Til venstre mora og til høgre broren Halvdan. Foto: Odd Ottosen.

Styreformann i NRK

Ottosen har hatt ei rad tillitsverv innan norsk kulturliv m.a. som styreformann for NRK 1972–1979 og Nationaltheatret 1981–1989. Han har skrive fleire bøker om krigsopplevingane sine, og var redaktør for storverket «Nordmenn i fangenskap 1940-1945» (Universitetsforlaget 1995) med eit komplett register over alle som sat i tysk fangenskap under 2. verdskrig.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 17.06.2015