Hopp til innhold
X
Innhald

Kristin Aase

Kristin Aase fødd 1961 i Naustdal, busett i Oslo. Ungdomspolitikar for Kristeleg Folkeparti.

Kristin Aase fødd 1961 i Naustdal, busett i Oslo. Ungdomspolitikar for Kristeleg Folkeparti.

Leiar for KrF Ungdom 1984-1986. Medlem av sentralstyret i KrF. Valde å trekkje seg frå partileiinga etter at ho gjekk inn for sjølvbestemt abort med obligatorisk rettleiing. Standpunktet hennar vekte sterk harme i partikrinsar.

Ho har arbeidd som programleiar i NRK radio og fjernsyn, og som informasjonssjef i Kirkens Bymisjon. Søster til Ingrid Aase og Gunnvor Aase.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.12.2010