Hopp til innhold
X
Innhald

Kristin Hatledal

Kristin Hatledal. Foto: Tove K. Breistein.

Kristin Hatledal. Foto: Tove K. Breistein.

Kristin Hatledal fødd 1983, frå Markane, busett i Stryn. Historikar, forfattar og biblioteksjef. Ho tok mastergrad i historie ved Universitetet i Oslo i 2009 med oppgåva ”Krigsheltinne eller tyskarjente? Historia om Dagmar Lahlum – i lys av andre etterretningskvinner”.

I 2011 gav ho ut boka ”Kvinnekamp. Historia om norske motstandskvinner” (Samlaget). I boka har ho registrert 1003 kvinner som var med i motstandsarbeidet under andre verdskrigen.

Kristin Hatledal er òg mellom dei beste kvinnelege langrennsløparane Sogn og Fjordane har fostra, med fleire krinsmeisterskap, ein 14. plass på tremila i NM og ein andreplass i klasse 20-24 år i Birkebeinerrennet i 2005.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 24.02.2020