Hopp til innhold
X
Innhald

Kristin Maurstad

Kristin Maurstad. Foto: Tone Merete Lillesvangstu, NRK.

Kristin Maurstad. Foto: Tone Merete Lillesvangstu, NRK.

Kristin Maurstad fødd 1980 i Vanylven, busett på Bryggja. Næringslivsleiar og politikar. Utdanna lærar frå Høgskulen i Volda. I 2011 vart ho dagleg leiar for Måløy Vekst. I 2012 vart ho leiar av eit prosjekt som planlegg subseautdanning i Florø, og ho vart sekretær for Kystvegen Ålesund-Bergen.

Medlem av Vågøy kommunestyre (for Arbeidarpartiet) frå 2007, varaordførar frå 2011.

I desember 2012 vart ho utnemnd til statssekretær i Nærings- og handelsdepartementet.

I 2013 vart ho tilsett som dagleg leiar for selskapet Innovatitt AS, som skal arbeide med utvikling av det maritime og teknologiske miljøet i Vågsøy. I 2014 vart ho tilsett som utviklingsleiar ved Måløy vidaregåande skule.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2016