Hopp til innhold
X
Innhald

Kristofer Alme

Kristofer Alme. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane

Kristofer Alme. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane

Kristofer Alme (1871-1947) frå Hafslo. Bonde, organisasjonsmann og forfattar. Gjekk Sogndal folkehøgskule og skipa i 1892 Hafslo Ungdomslag. Her var Alme formann i 30 år.

Han var ein mykje nytta foredraghaldar, og heldt i alt over 300 foredrag kringom i bygdene.

Skreiv songar

Han leia også eit songkor, og dikta sjølv mange songtekstar og melodiar. I 1930 gav hann ut kantaten «Trusskifte» (Lunde forlag) til Olavs-jubileet, og i 1947 diktsamslinga «Blanda kor». Han dikta og sette tone til ein eigen «Sognesong».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.02.2010