Hopp til innhold
X
Innhald

Kristoffer Hovden

Kristoffer Hovden (1874-1960) frå Hovden. Fiskar, rutebåteigar og forretningsmann.

Kristoffer Hovden (1874-1960) frå Hovden. Fiskar, rutebåteigar og forretningsmann.

Fekk som den første i fylket installert oljemotor i fiskebåten «Sendingen». Med denne, og seinare «Sendingen II», dreiv Hovden fram til 2. verdskrig rutebåt mellom Bremanger og Bergen ein gong i veka.

Om sommaren frakta han i helgane badeturistar frå Bergen til og frå Grotlesanden i Bremanger. I Kalvåg bygde kjøpte Hovden på 1930-talet eit stort sildesalteri frå Johannes O. Melstvedt sine eigedomar, og bygde kai i tillegg. Etter krigen leigde Kristoffer Hovden og sonen Ragnvald bort «Sendingen II» som rutebåt for Fylkesbaatane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 18.05.2010