Kristoffer Iverson Kleive
Kristoffer Iverson Kleive (1913–2005) frå Kalvåg, busett i Skien. Musikar og organist.
Utdanna ved Musikkonservatoriet og ved studiar i USA og Tyskland. Debuterte som dirigent for Filharmonisk Selskaps Orkester i 1946. Organist i Kalvåg, Voss og Rjukan før han vart organist i Skien frå 1946 til 1983.
Kleive gjorde ein stor innsats som dirigent for Skien Musikkforenings Orkester, som operadirigent og som dirigent for ei mengd kor i Grenland-regionen. Kleive komponerte fleire småstykke og tonesette salmar. Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 1973. To av sønene, Iver Kleive fødd 1949 og Audun Kleive fødd 1961, er kjende komponistar og musikarar.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 15.04.2010