Hopp til innhold

Anders Lothe

Anders Matias Abrahamsen Lothe, lærar, målmann og politikar som gjekk i brodden for mange målpolitiske og kulturelle nytiltak i Sogn og Fjordane.

Les meir om Anders Lothe

Aslaug Laastad Lygre

Aslaug Laastad Lygre, lyrikar og kontorarbeidar. Ho skreiv songbare og stemningsfulle dikt og er kjend for viseklassikaren «Vi skal ikkje sova bort sumarnatta» til tone av Geirr Tveitt.

Les meir om Aslaug Laastad Lygre

Audun Lysbakken

Audun Lysbakken

Audun Bjørlo Lysbakken, politikar, stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti frå Hordaland, tidlegare statsråd i Stoltenberg si andre regjering og partileiar i Sosialistisk Venstreparti frå 2012.

Les meir om Audun Lysbakken

Brita Lid

Brita Lid, forfattar. I 1933 gav ho ut ei forteljing som blei filmatisert same året, berre to år etter at den første lydfilmen var laga i Noreg.

Les meir om Brita Lid

Dore Lavik

Dore Olivarius Lavik, skodespelar, journalist og teatersjef, vann seg ry som opplesar på landsmål, grunnla sitt eige teater i Kristiania og eit omreisande teater som han turnerte med i Noreg og nabolanda.

Les meir om Dore Lavik

Edvard Liljedahl

Edvard Apolloniussen Liljedahl, lærar og postmeister, stortingspresident og statsråd, som sat på Stortinget i nitten år, mellom 1880 og 1909.

Les meir om Edvard Liljedahl

Eigil Lehmann

Eigil Lehmann, prest, språkmann, høgnorskdyrkar og ordbokforfattar. Han gav ut ordbøker både for Det nye testamentet, for islandsk og for færøysk.

Les meir om Eigil Lehmann

Erling Lægreid

Erling Lægreid

Erling Lægreid, journalist og målpolitikar, arbeidde i NRK i 39 år, fornya radiojournalistikken med hard hand og glimt i auga, og var ein språkpolitisk bakmann som trudde meir på pengemakt enn snakk

Les meir om Erling Lægreid

Franz Liszt

Franz Liszt

Franz (ungarsk: Ferenc) Liszt, ungarsk pianist og komponist. Han var den største pianisten i sin generasjon og ein leiande romantisk komponist, særleg viktig for utviklinga av pianorepertoaret og den seinromantiske harmonien.

Les meir om Franz Liszt

Gjermund Larsen

Gjermund Larsen

Gjermund Larsen, komponist, folkemusikar og felespelar frå Verdal. Larsen utfordrar folkemusikktradisjonen med sjangeroverskridande komposisjonar. Han har vunne fem spelemannsprisar i fire ulike kategoriar.

Les meir om Gjermund Larsen

Hans Lind

Hans Lind, gruvearbeidar, kontorist og diktar, ein av dei første i Noreg til å skrive på dialekt. Han gav ut Nordlandsviser, der han skildrar nordlendingane sitt liv og lynne på deira eige mål.

Les meir om Hans Lind

Idar Lind

Idar Lind, forfattar av romanar, krimbøker, sakprosa, fantasy, skodespel og visebøker. Han har skrive teksten til Vinsjan på kaia for trønderrockgruppa DDE.

Les meir om Idar Lind

Ingmar Ljones

Ingmar Ljones, KrF-politikar og stortingsmann frå Hordaland som har vore særleg oppteken av fag- og yrkesopplæring og sosialpolitikk.
Les meir om Ingmar Ljones

Jakob Lothe (1950–)

Jakob Lothe, litteraturvitar med særleg interesse for den rolla forteljinga har spela i ulike epokar og kulturar, særleg i nyare britisk og amerikansk litteratur.

Les meir om Jakob Lothe (1950–)

Johannes Lavik (1856-1929)

Johannes Lavik, lærar, journalist, avisredaktør og målmann. Han grunnla og var første redaktøren i Gula Tidend. Lavik spela ei sentral rolle i målrørsla i oppbyggingsfasen, både regionalt og nasjonalt.

Les meir om Johannes Lavik (1856-1929)

Johannes Lid

Johannes Lid, botanikar og plantegeograf. Han var feltbotanikar i den beste meininga av ordet, og boka hans, Norsk flora, er utan samanlikning den mest brukte handboka om norsk planteliv.

Les meir om Johannes Lid

Jørgen Løvland

Jørgen Løvland

Jørgen Løvland, skulemann og politikar. Han var første norske utanriksminister, og opptatt av språkpolitikk. Løvland var statsminister først i Sverige, og seinare etter unionsoppløysinga statsminister i Noreg.  

Les meir om Jørgen Løvland

Knut Liestøl

Knut Olavsson Liestøl, folkeminneprofessor som hadde folkeviser som spesialfelt, organisasjonsmann og politikar med sterk påverknad i kultur- og målpolitikken i mellomkrigstida og opphavsmann til fornorskingsordet «rikskringkasting».

Les meir om Knut Liestøl

Kristina Lund

Kristina Stine Friborg Lund var organist i Stavanger domkyrkje i meir enn 30 år og er den første identifiserte kvinna som skreiv på norsk dialekt.

Les meir om Kristina Lund

Kåre Lunden

Kåre Lunden, historikar og forskar. Som uredd debattant med kvasse synspunkt og klar til å stille spørsmål ved etablerte sanningar var han blant dei mest markante norske historikarane i etterkrigstida.

Les meir om Kåre Lunden

Lars Andreas Larssen

Lars Andreas Larssen var ein folkekjær skodespelar og humorist. Som skodespelar var han allsidig. Han hadde ei karakteristisk røyst og var ein framifrå opplesar.

Les meir om Lars Andreas Larssen

Magnus Brostrup Landstad

Magnus Brostrup Landstad, diktarprest og folkevisesamlar som er særleg kjend for å ha gitt ut Norske folkeviser og Kyrkjesalmebok. Han ville fremje utviklinga av eit nytt, norsk språk på 1800-talet, og i dette spørsmålet rådførte han seg med Ivar Aasen.

Les meir om Magnus Brostrup Landstad

Marita Liabø

Marita Burmann Liabø, forfattar, omsetjar og tekstar i NRK som skriv barnebøker og sosialrealistiske romanar på både nynorsk og bokmål.

Les meir om Marita Liabø

Mons Litleré

Mons Litleré, bokhandlar, forleggjar og redaktør som trass i at han døydde berre 28 år gamal, må reknast som ein av dei mest aktive, framsynte og moderne forleggjarane Noreg har hatt.
Les meir om Mons Litleré

Nils Lid

Nils Lid, folkeminnegranskar, språkvitskapsmann og skihistorikar, ein føregangsmann i teknikken med å bruke spørjelister til innsamling av materiale.

Les meir om Nils Lid

Oddbjørn Leirvik

Oddbjørn Birger Leirvik er teolog og professor i interreligiøse studium. I skrift og tale har han framheva verdien av dialog mellom representantar for ulike religionar og livssyn.
Les meir om Oddbjørn Leirvik

Olav Lofthus

Olav Lofthus var lærar, journalist og redaktør i Bergens Tidende. Seinare har han særleg vore hugsa for innsatsen sin i venstrerørsla.

Les meir om Olav Lofthus

Rasmus Løland

Rasmus Løland, forfattar, journalist, nynorskaktivist og fritenkjar. Løland skreiv fleire gode barnebøker og var ein engasjert forkjempar for det nynorske språket.

Les meir om Rasmus Løland

Roger Lockertsen

Roger Lockertsen, språkforskar, fagbokforfattar, økologisk bonde og målmann som arbeider for å få elevar til å velje nynorsk som hovudmål.

Les meir om Roger Lockertsen

Sigmund Lystrup

Sigmund Lystrup, prest og biletkunstnar, var kjend som «målarpresten». Han hadde kall til både kunsten og prestegjerninga. I slutten av 1950-åra var han ein av dei mest omtalte biletkunstnarane her i landet.

Les meir om Sigmund Lystrup

Tord Lien

Tord Lien

Tord André Lien, historikar, stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Sør-Trøndelag og olje- og energiminister i Solberg-regjeringa frå oktober 2013.

Les meir om Tord Lien