Hopp til innhold

Aasulv Eivindson Lande

Aasulv Eivindson Lande, lærar og politikar frå Bygland i Setesdal. I to periodar representerte han Venstre på Stortinget.

Aasulv Eivindson Lande var fødd i Årdal sokn i Bygland i Aust-Agder 21. mai 1862 og døydde i Bygland 31. mai 1954. Han tok eksamen ved lærarseminaret i Kristiansand i 1884. I 44 år var han lærar og kyrkjesongar i Bygland, først i Sandnes anneks og frå 1893 i hovudsoknet. Han tok avskil ved årsskiftet 1926/27. Frå 1900 åtte og dreiv han Nedre Søgarden på Lauvdal.
Frå 1898 var Lande i 27 år medlem av Bygland heradstyre, halvparten av tida som ordførar, for Venstre. I tillegg hadde han ei rekkje kommunale og fylkeskommunale verv, mellom anna var han medlem av skulestyret, forliksrådet og jordstyret i Bygland, og han var i ein periode formann i amtstinget i Aust-Agder. Han vart vald til Stortinget for Venstre i 1919–1924 og var medlem av kyrkje- og undervisningskomiteen. I åra 1925–1927 var han vararepresentant. I stortingskomiteen markerte han seg som ein varm talsmann for nynorsken.
Lande hadde ein folkekyrkjeleg, grundtvigiansk profil. Han hadde nære relasjonar til kyrkjelege målfolk og var lokal målkonsulent for bibelomsetjaren Alexander Seippel. Han var med på å etablere Agder Tidend, den nynorske dagsavisa som kom ut i Kristiansand frå 1919. Aasulv E. Lande var onkel til sokneprest og prost Aasulv T. Lande og farfar til seinare professor Aasulv Lande.
Kjelder
E-post frå Aasulv Lande 4.1.2012 og 14.2.2012
Vilhelm Haffner og Karl Bjørnstad: Stortinget og statsrådet 1915–1945. Oslo 1949
Olav Kallhovd: «Aasulv Eivindson Lande», Norsk Allkunnebok, bd. 7. Oslo 1956
Aasulv Lande: «Kommunestyringi», i Byglands soge. Kristiansand 1939
«Biografier 1905–1945. Aasulv Eivindson Lande», samfunnsveven.no: http://www.samfunnsveven.no/cms/polsys/I33.cfm?urlname=&lan=&MenuItem=&ChildItem=&State=&UttakNr=33&person=11748 [lesedato 4.1.2011]

Først publisert: 10.04.2012
Sist oppdatert: 10.04.2012